Logo
Til DNT.no forside
Iungsdalshytta i Skarvheimen, sommeren 2021.

Seterliv og mat på Iungsdalshytta

På Iungsdalshytta serverer oss lokal mat basert på lokale råvarer og lokale mattradisjoner.

Publisert: 31. august 2023
DNTs tilbud

Hytta har så og si 100% ureiste råvarer som kjøt og mjølkeprodukter.  Detter klarar me fordi me driv støl vegg i vegg med turisthytta. Dette gir råvarer av ytterste kvalitet og med ein smak av fjellet. Rumme, smør og ostar, kulturmjølk og yoghurt lagar me  og fisk røyker me sjølve.

Ein levande støl

Hjå oss er det eit levande stølsmiljø. Til fjells har me kyr, sau, høner og griser.

Iungsdalen er omringa av gode fiskevatn og fiskeelver. Dersom fiskelykka står oss bi, serverer me aure frå desse vatna.

Det norske kulturlandskap er forma av beitedyra. Utan dei gror setervollane att, granskogen breier seg og høgfjellet endrast. Utan bonden rotnar skigarden.

Kort sagt: Den som et lokal mat beheld utsikta.

Lokal mat som er henta frå åkrane, elvene og fjella rundt, smakar som plassen den kjem frå. Slik får du ei ekte matoppleving. Smakelig måltid og god tur!
Vibeke Jarild, bestyrer på Iungsdalshytta

Lokal mat er en del av turen

DNT satser på lokal og bærekraftig mat. Med lokal og sesongbasert mat, bidrar DNTs betjente hytter til at bærekraftig mat, naturopplevelser og matopplevelser går hånd i hånd. DNT samarbeider med blant andre Norges Bondelag og Økologisk Norge, og Innovasjon Norge støtter prosjektet økonomisk. 

Til frokost hos oss finner du: 

  • rumme frå stølen
  • mjølk frå stølen
  • heimelaga sild og salatar
  • ferske heimebaka brød
  • trøgost
  • ... samt andre godbitar.

Til dugurds/lunsj byr vi på

  • rummegraut laga på ekte stølsrømme
  • spikjimat frå lokal produsent
  • heimelaga karbonadar
  • rummetallerken
  • lappar med rumme og syltety
  • ... og mykje anna godt.

Til middag

Me serverer 3-rettars middag kvar dag.

Oss har så og si 100% ureiste råvarer som kjøt, fisk og mjølkeprodukt til middag.

Denne startar med suppe som ofte er krema og kraftig. Til hovudrett brukar me vilt, svin, lammekjøtt, fjellaure og rumme. Til dessert nyttar me ofte sjølvplukka blåbær, tytebær og molter. Av mjølkeprodukt serverer me mellom annavår fantastiske rummerand til dessert.

Selskapsservering - inntil 25 personer

I den nyrestaurerte steinbua nede ved vatnet kan me ta imot mindre lag. Her kan me servere inntil 25 stk.

Tradisjonskost eller stølskost frå Hallingdal passar godt i denne bua som er frå tidleg på 1700-tallet.

Kontakt oss for pris.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem