LEIKSKEID 2018

Velkommen til Leikskeid
Velkommen til Leikskeid Foto: Geirmund Tormodsgard

For tiande gong ynskjer vertskap frå Ål kulturhus og Iungsdalshytta velkomen til årets vakraste konsertoppleving i Hallingdal; Leikskeid.

Laurdag 18. august kl. 13 går årets Leikskeid av stabelen.

Ta på deg fjellstøvlar og nyt ein times vandretur i lett fjellterreng frå Toviken, eller bestill båtskyss viss du heller ynskjer det. Når du kjem fram kan du kose deg med heimelaga rummegraut eller annan nydeleg stølsmat, og samstundes oppleve fleire timar med konsertar og artistar frå scena. Alt skjer ute i den frie natur, så i tillegg til den storslåtte konsertopplevinga vil også fjellområda som omkransar Iungsdalshytta kunne ta pusten frå deg.

Programmet for 2018 vil snart være på plass.

Tidlegare har m.a. Mari Boine, Darling West, Daniel Kvammen, Bo Kaspers Orkester, Rita Eriksen, Frode Alnæs, Ole Edvard Antonsen, Valkyrien Allstars, Henning Kvitnes, Jonas Fjeld,
Kvarts, Stein Torleif Bjella, Bjørn Eidsvåg, Vamp og Kari Bremnes spelt på Leikskeid.

Billett inkludert buss:
Bussen går frå nedsida av Ål kulturhus kl. 10:00. Retur frå Toviken kl. 19:00.

Behov for båttransport må du bestille direkte på Iungsdalshytta: tlf. 975 89 394.

Billetter

Du kan allerede nå kjøpe billettar i skranken på Ål kulturhus, på billettelefon 32085100 eller klikk på linken under: 

Leikskeid
Foto: Johan Fegri