Mat og servering på iungsdalshytta

Ureist mat på Iungsdalshytta
Ureist mat på Iungsdalshytta Foto: Bjørn Sandvik

På Iungsdalshytta serverer oss lokal mat basert på lokale råvarer og lokale mattradisjoner.

Hytta har så og si 100% ureiste råvarer som kjøt, fisk og mjølkeprodukt til middag. Detter klarar me fordi me driv støl vegg i vegg med tuisthytta og fiskar i vatna rundt uss. Dette gir råvarer av ytterste kvalitet og med ein smak av fjellet. Rumme, smør og ostar, kulturmjølk og yoghurt lagar me  og fisk røyker me sjølve.

Frukost i Iungsdalen:

Foto: Kari Larsen

På frukostbordet i Iungsdalen finn du:

  • rumme frå stølen
  • mjølk frå stølen
  • heimelaga sild og salatar
  • ferske heimebaka brød
  • trøgost
  • ... samt andre godbitar.

Dugurds: 

Foto: Vibeke Jarild

Til dugurds byr me på:

  • rummegraut laga på ekte stølsrømme
  • spikjimat frå lokal produsent
  • heimelaga karbonadar
  • rummetallerken
  • lappar med rumme og syltety
  • ... og mykje anna godt.

Middag:

Trivelig spisesal på Iungsdalshytta.
Trivelig spisesal på Iungsdalshytta. Foto: Morten Noremsaune

Me serverer 3-rettars middag kvar dag.

Oss har så og si 100% ureiste råvarer som kjøt, fisk og mjølkeprodukt til middag.

Denne startar med suppe som ofte er krema og kraftig. Til hovudrett brukar me vilt,svin, lammekjøtt , fjellaure og rumme. Til dessert nyttar me ofte sjølvplukka blåbær, tytebær og molter. Av mjølkeprodukt serverer me mellom annavår fantastiske rummerand til dessert.

Litt mer om fisk i Iungsdalen

I Iungsdalen får du servert aure som er grava, varmrøykt og kaldrøykt. Auren frå Øljuvatnet, Fødalsvatnet og Iungsdalsvatnet er feit og fin samt irrande raud i kjøtet. 

Selskapsservering - inntil 25 personer:

Foto: DNT Oslo og Omegn

I den nyrestaurerte steinbua nede ved vatnet kan me ta imot mindre lag. Her kan me servere inntil 25 stk.

Tradisjonskost eller stølskost frå Hallingdal passar godt i denne bua som er frå tidleg på 1700-tallet.

Kontakt oss for pris.

Ein levande støl:

Foto: Foto: Morten Noremsaune

Hjå oss er det eit levande stølsmiljø. Til fjells har me kyr, sau, høner og griser.

Iungsdalen er omringa av gode fiskevatn og fiskeelver. Dersom fiskelykka står oss bi, serverer me aure frå desse vatna.

Det norske kulturlandskap er forma av beitedyra. Utan dei gror setervollane att, granskogen breier seg og høgfjellet endrast. Utan bonden rotnar skigarden.

Kort sagt: Den som et lokal mat beheld utsikta.

Les Dagbladets artikkel fra Iungsdalshytta fra 1.april 2014: "Der ingen skulle tru at du får servert gourmetmat".  

Lokal mat er en del av turen:

Foto: Morten Noremsaune
Lokal mat som er henta frå åkrane, elvene og fjella rundt, smakar som plassen den kjem frå. Slik får du ei ekte matoppleving. Smakelig måltid og god tur! Vibeke Jarild, bestyrer på Iungsdalshytta

DNT satser på lokal og bærekraftig mat. Med lokal og sesongbasert mat, bidrar DNTs betjente hytter til at bærekraftig mat, naturopplevelser og matopplevelser går hånd i hånd. DNT samarbeider med blant andre Norges Bondelag og Økologisk Norge, og Innovasjon Norge støtter prosjektet økonomisk. 

Her kan du lese mer om lokalmatprosjektet.

Foto: Veslemøy Stulen Fredheim
Foto: Morten Noremsaune